Bringebærhonning frå Voss
 
Denne nærast reine bringebærhonningen er hausta frå Vossebygda som har det beste klima og jordsmon for rik nektarproduksjon frå villbringebær. I tillegg til nektar frå kvitkløver, gjer desse to plantene ein einsarta lys til kvit mild sumarhonning som er svært populær i Bergen og på Voss.

I tillegg har dei sumarhonning frå Sognefjorden og Samnanger, Lynghonning frå Sotra og Øygarden, "Klosterhonning" frå Selje.
 
Søylands Biegard held til på Hjellestad i Os og driv birøkt med produksjon av ulike honningprodukt. Kvifor er så denne produsenten med i Vossameny. Forklaringa er at dei hentar noko av råvarene sine frå Voss. Han har bikuber som vandrar årleg på sommartrekk til på Voss og får der framifrå sommarhonning. Kubene står både på Raugstad og ved Lønavatnet. Mest rein bringebærhonning. Han har også starta med tavlehonning i små "porsjonsrammer".
 


Kontakt
Søylands Biegard
v/ Alf Helge Søyland
Mildevegen 210
5259 Hjellestad

Tlf 55 99 18 74 / 97 17 13 15.
Fax 55 98 72 76