Mat og vinopplevingar på Park Hotell:
Park samarbeider med Gastronomisk Institutt i Stavanger for å lyfte maten på Park til stadig nye høgder, og gje vinen det fylgjet han fortener. Dette inneber ei sterkare satsing på lokale råvarer; Voss er leiande på lammekjøt, og det vil våre gjester merke. I tillegg får me eit fantastisk kalv- og oksekjøt frå distriktet. Frukt, bær og økologisk dyrka grønsaker får me frå Balestrand, honning frå Voss og mykje god, spennande norsk ost. Sjølv om mykje av maten hentar inspirasjon frå Frankrike og Italia, er me opptekne av å servere kortreist mat på våre bord.
Jan Bruse Andersen og kona Gro Andersen tok over Park Hotel Vossevangen i 1979.
Den gongen hadde hotellet "spisesal". Me drøymde om å lage restau-rant. Og for å ha ein god restaurant, må du ha god vin. Difor begynte me å kjøpe inn vin systematisk, og over ein tiårs-periode bygde me opp vinkjellaren med det aller beste me fekk tak i til ein rimeleg pris, fortel han. I dag rommar vinkjellaren på Park ei av dei største, beste og mest rikhaldige vinsamlingar i Nord-Europa.
Folk kjem frå inn- og utland, eins ærend for å nyte vin hjå oss på Park. Det er gledeleg å sjå at vininteressa heile tida veks i Noreg, og at me får stadig fleire vinturistar. Me er heile tida på jakt etter nye vinar, og er opptekne av at samlinga er i utvikling.