| Finnegarden | |
Finnegarden leverer økologisk dyrka og foredla mat direkte til forbrukar i Bergensregionen. Levering skjer kvar 14. dag og fungerer som ei abonnementsordning.
Du kan sjølv plukka ut varene du vil ha (fast pakke) eller overlata det til oss (sesongpakke). Du kan få varene heim på døra eller henta dei på avtalt samleplass. Varene vert levert med spesifisert rekning og bankgiro. Betalingsfristen er 7 dagar.
Finnegarden på Voss har drive med økologisk hagebruk sidan 1995. Fleire gardar på Voss og i regionen leverer fast sine produkt til oss. Varer som ikkje kan skaffast lokalt, vert kjøpt inn frå andre delar av landet eller importert.
|
|
|