| Evanger Pølsefabrikk |
Handverk med tradisjonar og kvaliteten i fokus. Fårepølsa si vogge stod i dette området, og i Teigdalen på Evanger har det opp gjennom generasjonar vore eit godt pølsemakarmiljø. Dei har teke vare på gamle og rike mattraisjonar og framleis nyttar ein gamle oppskrifter med røyking og turking over open eld frå beste sort orreved i dei særmerkte eldhusa. Dette gir den fine modninga og den eineståande smaken på spekemat frå Evanger. Kanskje er spekematen herifrå litt dyrare enn annan produksjon, men då skal ein hugse på at her står det gamalt handverk bak. Meirprisen får ein att gjennom betre kvalitet og den spesielle smaken. Me modnar pølsene i 8-12 veker og det er dobbelt så lang tid som ved fabrikkproduksjon.
Spesialitetar: fårepølsa, evangerkorv, pinnekjøt, spekemat av får og skinke, røykjekjøt, evangerbacon
|
|
| Kontakt |
Tlf 56 51 16 71 Fax 56 51 63 58 Adr: Teigdalsvegen 296, 5707 Evanger
|
|
|