| VOSSANEPE (kålrot) |
Merete og Knut O. Dugstad driv med økologisk produksjon av kålrot - eller nepe som det vert sagt på Voss. Garden ligg i eit særs næringsrikt belte med fyllittjord. Dette verkar også inn på kvaliteten på nepene.I tillegg driv dei også økologisk mjølkeproduksjon.
|
| Dugstadgarden |
Miljøvernprisen 2004 er tildelt Knut O. Dugstad som driv garden saman med kona Merete Dugstad. Dei har sterkt fokus på å nytte lokale ressursar på ein berekraftig og framtidsretta måte. Kunnskap om samspelet i naturen, mellom jorda, mikroorganismane, plantene, dyra og menneska står sentralt. Det vert lagt stor vekt på å produsere reine varer og å unngå ureining av miljøet. På bakgrunn av si økologiske jordbruksdrift har MKU tildelt Knut O. Dugstad Voss kommune sin miljøvernpris for 2004 som han deler med Merete.
|
|
| Kontakt | |
Merete og Knut Dugstad 5710 Skulestadmo tlf 56 51 64 15/ 92 63 91 38
|
|
|