Berge Gard - tidlegproduksjon av poteter
Garden Berge ligg i Vestbygdi på Bulken. Han er liten og brattlendt, men ligg på solsida og det er tidleg vår der. Det meste av arealet vert nytta til gras for mjølk- og kjøttproduksjon og dyrking av tidlegpoteter.

Hovudsorten er Aksel som har ein raud-rosa farge og er god på smak. Sumaren 2004 var det også prøveproduksjon påein heilt ny tidlegpotet: Ber-Ber, som er kvit og har raude slette knollar. Driv ogås oppal av ein potetsort som er raud-lilla tvers gjennom. Denne kan vera aktuell som dekorasjonspotet.

Blåpotet - den nye trendpoteta
Dette seier den lokale matreportar Linda Eide i NRK-programmet Eide og Morris. Nyleg serverte ho trendgrønsakene blåpotet og jordskokk på beste sendetid i NRK 1. Kjell og Gunhild Grøntoft i Vestbygdi har starta opp med dyrking av blåpoteter og målet er å selja til den lokale marknaden på Voss. I dag leverer dei fast til Dagestadmuseet og Avhaldskafeen. Etter kvart vil fleire av serveringsverksemdene i Vossameny også ha ho på menyen. Poteta, som også ber desse namna; Blå Russar, Blå Kongo eller Kongepotet pryder ofte middagstallerken på desse to serveringsstadene. Den vakre blåfargen fasinerer, kanskje nesten paralyser folk. Eit spørsmål som ofte vert stilte er om det er tilsett konditorfarge.
Blåpoteta peikar seg også ut på andre måtar. Ho har 10 gonger så mykje antioksidantar som kvite poteter. Blåpoteta skal kokast på vanleg måte, så skrellast. Får poteta liggja ein times tid kjem så den vakre blåfargen til sin rett. Skjer den i skiver og bruk ho som dekor på middagstallerken.
 


Kontakt:
Kjell Grøntoft, Berge Gard, Vestbygdi, 5700 Voss.
Tlf. 56 51 43 44 / 99 26 89 20.
e-post: gr.kjell@online.no