Auro Gard
Pentland er ein av dei gamle potesortane . Dyrka på gamalt vis , - frå Auro på Voss.
  • Hausta og sortert for hand

  • Kokefast og mjølen

  • Glatt overflate, lett å skrella

  • Gjødsla med berre naturgjødsel

  • Uvaska. Svært god til lagring


  • Historia om Pentland
    I uminnelege tider har nordmenn og britar hatt mykje med einannan å gjera. Bonden, breføraren, kunstnaren og diktaren Eirik Øygard frå Fjærland i Sogn (1900 - 1971) var ein av dei som fekk god kontakt med dei engelske og skotske breturistane.

    På ein av sine mange Englandsreiser fekk Eirik omvising på ein jordbruksskule, og det gjekk ikkje betre enn at han forelska seg - i ei potet.

    Denne skotske poteta var svært god på smak - ljos, glatt og fin. Eirik var som vestlendingar flest - noko sjenert, og våga ikkje å be om denne poteta. Han greidde likevel ikkje å halda seg, og det enda med at han lurte med seg 9 poteter heim.

    Sonesonen hans som og heiter Eirik, var 12 år då besten kom heim med desse potetene. Han hugsar godt at dei låg på rad og rekkje i glaskarmen hjå besten om våren.

    Poteta sin ambassadør på Voss har vore Egil Solheim på Skutle. Han gav ei bøtte til Solveig og Knut som driv gard på Auro. Seinare har denne bøtta med poteter vorte mange fleire ...

    Kontakt
    Solveig og Knut Skjerve
    Tlf: 56 51 78 65
    e-post: auro.gard@c2i.net
    Adr: Auro, Skutlesvegen 132, 5700 Voss

    Kvalitetsgaranti
    Når du handlar skal potetene vera av høgste kvalitet. Skulle du likevel ikkje vera nøgd, får du ny pose/sekk der du har handla.