| Leiren Laks |
|
Leiren Laks er ei verksemd som røykjer regnbueørret og laks. Verksemda held til på Stamnes, i Osterfjorden. I denne fjorden, der Vossolaksen var på si vandring til Vosso, har det vore fiska etter laks og ørret i fleire generasjonar frå dei vidjetne laksegiljene. Fisken som gjekk inn fjorden her var ettertrakta for sin svært gode kvalitet. Villaksen danna ein del av næringsgrunnlaget for dei små Vestlandsgardane langs den smale og trange fjorden.
|
|
Røykjing av fisk vart difor ein naturleg del av livet og matauken.
Etter at det vart slutt på fiske frå giljene ville me halde liv i den gamle tradisjonen med å røykje laks og ørret.
Røykjeprosessen foregår no i nye og flotte lokale, men dei same gode gamle oppskriftene, som gjev produktet ein særeigen smak, vert enno nytta.
|
|
| Kontakt: | |
Halstein O. Leiren
5727 Stamnes
tlf: 97525747 / 56598044
e-post: leiren@sensewave.com
|
|
|