Logoen - som symboliserer vossakvann - skal vera kjenneteiknet på dei rettar og produkt som er godkjent under varemerket - Vossameny -, og skal kunna nyttast av dei verksemder som deltek i prosjektet.

Biologen Knut Fægri føretok på 1940-talet omfattande registreringar om kvann. Han fann at kvann med fylt stengel på den tid var og oppdriva på nokre gardar i Vossabygda (helst Evanger og Vossestrand), klassifiserte han og gav planta namnet vossakvann og det latinske namnet; Angelica Archangelica var.maiorum Fægri

Vossakvann:
- kan vera ein mutant av fjellkvann
- har fylt stengel
- fanst på om lag alle gardar i bygda til slutten av 1800-talet
- er den einaste kultiverte varianten av kvann
- er mildare og søtare i smak enn fjellkvann
- er Voss sin kommuneplante
- står på liste over plantar (1998) som er føreslått rødlista

Planta symboliserte fruktbarheit og grøderikdom. I samband med ridande Vossabryllaup gav dette seg utslag ved at brura og føreridarane heldt ein kvannjol i handa. Nils Grønlien har skrive om at dette føregjekk heilt til siste halvdel av 1800-talet
Då kongen og dronninga forlova seg i 1967 fekk dei ein Vossekvann i gåve av Det Norske Hageselskap - denne vart planta på Skaugum - men er no gått ut. Planta vart henta på Tveite i Holbygdi

Kvann - den urnorske matplanta?
- Er ein arktisk alpin plante som er omtala i både Snorre og Gulatingslova
- Fekk vern gjennom Gulatingslova før humle
- Kvann har truleg vore mykje brukt på same måte som rabarbra har vore i nyare tid - ved å eta den fersk
- Kan ha vore den eldste og viktigaste matplanta i Noreg - sprett opp tidleg om våren og var i mange område ei viktig matplante til slutten av 1800-talet. Nye vekstar som rabarbra og andre grønsaker byrja og gjera seg gjeldande utover i mellomalderen, trengd bort kvanneplanta

Historiane om kvann er mangfaldige:
- Munkane førte kunnskapen om kvannen med seg sørover. Sjølvastet erkeengelen Gabriel skal ha synt seg for ein av dei og fortalde om kvannen sine magiske krefter som lækjarurt og verknad mot pest. Rota vart rekna som nytingsmiddel og brukt som tobakk
- Planta var eit symbol på grøderikdom og fruktbarheit
- Er einaste matvekst og lækjarplante som har kome på verdsmarknaden frå Noreg