| Anne Jorunn si lammesteik |
Eit lår av Vossalam som vert beina ut, men skankebeinet skal vera att. Fyll med mykje grøne urter (ikkje mynte). Stikk inn 8-10 kvitlauksfedd. og gni med salt og peppar. Rull saman og trekk over nettingsokk.
Set låret inn i steikeomn på 200gr - gjerne litt vatn (ca 1/4 l) i steikepanna. Skru ned til 175 gr. La det stå i omnen til stiketermometer viser 75 gr ved kjernetemperatur. Ta ut, kjøl ned og skjer i skiver.
Tilhøyr: Ta ein god klatt smør eller bruk olja. Hakk 2 lauk, 1/4 kg cherrytomater, ss turka ringblomst, 1 ss raspa ingefær, 1ss finhakka chili og 250 gr kantarell (eller anna sopp. La dette surra på svak varme i eit par timar. Tilset salt og peppar.
Saus Ta sky frå steika bland med piska krem. Bruk dette som saus. Server m/ potetstappe eller fløytegratinerte poteter. Kjøtet kan serverast kaldt - men tilhøyret må vera varmt
Oppskrifta har me fått frå Anne Jorunn Nestås Tøn, kokk på Avhaldskafeen.
|
|
|