Angelica-is
Oppskrifter med vossakvann
Utgangspunktet er pure av vossakvann, som kan lagast av 5 - 6 middels stilkar vossakvann og 2 dl sukkerlake. Kutt vossakvannen i tunne skiver, om våren kan også blada brukast. Forvell dei i omlag 20 sekundar og ta dei direkte over i isvatn. Hell vossakvann-skivene i kjøkkenmaskin med kniv i, saman med laken og køyr dette til ein jamn masse, som også inneheld nokon småbitar til å tyggja på.

Angelicas sorbet
2 spiseskeier vossakvannpuré
2 dl sukkerlake
2 dl vatn eller dessertvin
Kok opp alt, kjøl ned og frys i ismaskin viss du har det. Viss ikkje frys i miksebollen til kjøkenmaskina. Rør i sorbeten med jamne mellomrom, frys han mellom kvar gong.

Fløyteis for Angelica
0,5 liter mjølk
0,5 liter fløyte
200 gram sukker
vossakvannpuré etter smak og styrke
10 eggeplommer
Kok opp mjølk og fløyte. Hell væska over egga og visp godt. Set det attende på plata til det tjuknar. Kjøl av i isvatnbad og frys.

Oppskriftene er laga av Gunnar Nagell Dahl og Britt Djupevåg Torvik.

:: Spesialitetar ::
Oppskrifter på lam
Oppskrifter på kalv
Vossapoto
Angelica-is
Anne Jorunn si lammesteik