| Supane Soppa |
Supane soppa er ein tradisjonsrett frå vossabygdene. Bruken av denne retten har teke seg opp att i seinare tid. Retten har vore laga på ulikt vis kringom i bygda og det vert sagt at det også går eit skilje mellom Voss og Vossestrand i måten dei laga denne retten. Denne oppskrifta er frå Strondé. Arne Johan Dregelid - kokken på jordbruksskulen - har denne etter si mor:
Bland surmjølk og vatn. kok dette Bland med ei jevning av kveitemjøl - kok opp Vert servert med sirup, kvitost, brunost, sukkerflatbrød, steikt flesk og rosiner.
Ei anna oppskrift han også brukar er: Kok kraft av røykte og urøykte kjøtbein. Dersom det er feitt i krafta må dette ausast opp og krafta klarast. Skal jevnast med kveitemjøl til ei linn suppe. Ha i litt eddik og sukker Kjøte på knokane skal skjerast i små bitar. Skal serverast med sirup, gamalost, brunost og flatbrød,
|
| Vossameny sin jolagløgg |
0,7 liter Bringebærsaft frå Urnes 0,3 liter Blåbærsaft frå Urnes 3 liter vatn 10 heile nellik 1 kanelstong 1 hel ingefær 5 heile kardemomme Mandlar og rosiner
Kok fyrst opp litt av vatnet og safta saman med krydderet og la dette stå og trekkja ca ½ time. Dette kan du gjerne gjera dagen før. Då får krydderet trekt skikkeleg inn i safta. Før servering: Sil frå kryddera, bland oppi resten av safta og vatnet. La dette få eit oppkok. Trekk gryta av varmen og set til hakka mandlar og rosiner tjue minutt før servering. Denne oppskrifta gjev totalt 4 liter gløgg. Dersom du ynskjer ein svakare gløgg, så kan du auka mengda vatn i oppskrifta.
|
| Hokkaido-suppe |
- vert i mange land brukt mot forkjøling. Den varmar godt i halsen: 6 dl vatn 300 gram Hokkaido graskar 200 gram purre Ca 1,5 dl fløyte Buljongpulver, salt, muskat pepar, litt chili, litt jevning til slutt.
Skjær graskaret i små bitar, sjølv innmaten skal ikkje brukast, men fruktkjøtet og skalet som er tynt og mjukt (dersom det ikkje er tynt og mjukt må ein skrella graskaret). Kok på kraftig varme i ti minutt.
Ha i finsnitta purre mot slutten av koketida Ha i buljongpulver, salt, pepar og chili. Smak og kjenn kor mykje som trengst. Ha i jevning, og heilt til slutt fløyte.
Smakar godt med flatbrød frå Dagestadmuseet og Tyssen smør inntil.
Hokkaido kan også nyttast i pai eller bakast i omnen.
Kjøp økologisk Hokkaido frå Dugstad-garden. Den får du m.a. hjå Drageset Superspar i Skulestadmo
|
|
|