Voss er ei bygd som utover landet er velkjend for sine mattradisjonar, og kjende produkt er vossakorv, fenalår, fårepølse og smalahove. Dette har samanheng med at det alt frå slutten av 1800-talet vart starta opp kjøtforedlingsproduksjon fleire stader i bygda basert på lokale mattradisjonar.

Fem småskala kjøtforedlingsverksemder på Voss produserer i dag tradisjonsmat av høg kvalitet. Vel så viktig er det også at dyktige sauebønder har vore i fremste rekka til å få fram gode råvarer til denne produksjonen. Vossadravlen er eit anna velkjent tradisjonsprodukt - produsert av det lokale meieriet. Driftige bønder produserer også eit godt utval av grønsaker.
 
Dei naturgjevne tilhøva pregar sterkt mattradisjonane. På Voss viser dette seg att i eit landbruk dominert av eit husdyrhald med kyr og sau.
Klimaet på Voss er fuktig og med til dels stilleståande luft har røyking av kjøt og fisk vore viktig for oppbevaring av mat opp gjennom tidene. Desse tradisjonane står framleis sterkt bygda. Gardane på Voss alltid hatt bruk for eit godt eldhus til både røyking, brygging, baking og ysting. Årestovene er ein over 1000 år gamal byggetradisjon og betre eldhus enn ei gamal årestove kan ein ikkje få. Dei mange gamle årestovene - nokre fleire hundre år gamle - som står kringom på gardane og har vore nytta til eldhus, vitnar om dette.
 
Vossameny har som mål å få fram lokal mat og tradisjonsmat i serveringsverksemdene på Voss. Serveringsverksemder i Vossameny kan m.a. by på:

- både klassisk tradisjonelle og nyutvikla rettar av lokale /regionale produkt
- rettar der det vert lagt vekt på kvar råvarene kjem frå
- rettar der me kjenner til historien om foredlinga anten det er basert på ein tradisjon eller det er eit nytt produkt.

Handel med omkringliggjande distrikt er ein del av våre mattradisjonar - difor vert det også servert rettar med produkt frå bønder og matprodusentar andre stader i Hordaland og Sogn og Fjordane.
Kvar verksemd - sin meny!