Bønder i Byd´n 2007
Til tross for dårleg ver, gjorde Vossingane seg godt bemerka under årets Matfest i Bergen. Til stades var Voss Kjøttindustri, Avhaldskafeen, Brandseth Fjellstove, Indremisjonskafeen, Leiren Laks, Tyssen Smør, Torunn med Vossakvann og Søiland Bigard. Høgt og Vilt - Urter frå Devik, Urnes Gard og Balholm Mosteri var og i Bergen.
 
Bilete frå arrangementet:
 


Smalahovesleppet haust 2007

Laurdag 29. september 2007 kl 10.00 til 15.00

 

Vossameny vil i samarbeid med Smalahovesleppet gjenta suksessen frå tidligare år og inviterer til stor torgdag på Vossavangen laurdag 29.september.

 
Dette er ein dag  med mykje folk på Vangen, fyrst og fremst vossingar og tilreisande som er på Smalahovesleppet. Fjorårets torgdag vart ein stor suksess ,difor ynskjer me velkomen til endå ein stor handledag på Vossavangen.
 
Påmeldingsfrist: torsdag 30.august
 


Bønder i Byd´n
7-9.september blir det igjen arrangert Matfestival i Bergen. Matfestivalen Bønder i Byd´n arrangerast  i samarbeid med Sjømat for alle og Stoccafisso førrfiskfestival.
 
Vossameny vil bli representert i år også. Les meir om arrangementet og sjå lista over påmelde på: www.matfest.no
 


Landbruksministeren kjem til Voss
Onsdag 22.august kjem Landbruksministeren Terje Riis-Johansen til Voss. Det er Senterpartiet på Voss som har invitert ministeren til bygda og det er dei som har regien denne dagen. Vossameny skal og få visa seg fram. Det vert frukost på Avhaldskafeen med ministeren der me viser fram gode Vossameny-produkt og presenterer Vossamenyen. Om kvelden vert det ope møte på Jordbruksskulen.
 


Nytt kontor
Vossameny har flytta!
Me har no flytta inn i nyoppussa kontorlokale i det gamle og ærverdige Hålandshuset - like ved Torget på Vossavangen. Dette er eit sveitserhus frå slutten av 1800-talet og har dei siste par åra vore under rehabilitering. Saman med VossaJazz og Ekstremsprotveko har me no etablert kontorfellesskap i andre etasje. Om nokre månader vil kafeen i fyrste etasje stå ferdig og pub i kjellaren. Kontorfellesskapet i andre etasje vil også setja sitt preg på mat og aktivitetar i kafeen.

VossaJazz - torgdag og nattmat
Vossameny held fram sitt gode samarbeid med VossaJazz og i år vert det:

JazzTorg laurdag 31. mars kl 10.00 - 15.00
Her får de kjøpt varer frå:
Tyssen smør; Heimekinna smør
Cacaobønnen; Sjokoladekonfekt
Lutro in Vitro; Plommesylte, Hardangerchutney, og Krydra Hardangermoreller
Lutro Gard; Hermetiske plommer
Rosvold Biegard; Honning
Undredalsosten; Kvit og brun geitost
Martas heimebakeri; Bakevarer

Avhaldskafeen - nattopen suppekafe fredag og laurdag kl 22.00 - 04.00
Godt utval av kafeen sine beste supper.

Nattmat i Rokneparken laurdag 21.00 - 03.00
Brandseth Fjellstove sal av varme smårettar og varm drikke

Drageset-kjeda og "torg-i-butikk"
Vossameny gratuelerer Drageset-kjeda med opning av sine 5 Torg-i-butikk som vart opna i mars. Både Drageset-kjeda og Lustra-mat si satsing i Sogn viser at butikk-torga Vossameny lanserte hausten 2005 har inspirert andre til tilsvarande satsing på å få promotert lokal-mat i daglegvarebutikkar.
VOSSAMENY gratulerer og ynskjer båe lukke til med vidare satsing.

Bergen Storsenter laurdag 3. mars
Laurdag 3. mars vert det stor vossamarkering på Bergen Storsenter. 3 Vossameny verksemder stiller med sine produkt:
Søyland Biegard
Generasjonsmat med varer frå Evanger Pølsefabrikk
Tyssen Smør

Andre Vossaverksemder som stiller er
Voss (Turistinformasjon) / Ski Voss
Voss Raftingsenter AS
Voss Folkemuseum
Vossa Jazz
Gjertrud Karevoll - smykker
Linda Lid - keramikar

Butikkdemo
Desse dagane vert det smaksprøvar å få i dei 5 Vossameny-butikkane kringom i bygda, og me vil då presentera ulike produkt som speke- og røykjemat, saft, syltetøy, urtete, smør m.m.


23. februar Evanger Spekjemat
24. februar Mjølfjell Servicesenter
30. mars Joker Bordalen
21. april Drageset Superspar - Skulestadmo-dagane
?? Mai Evanger Nærbutikk - tema; mai-mat - gilling og spekemat

Muligheiter og utfordringar i lokal småskala matpr
Ope informasjonsmøte:

Onsdag 14. februar kl 10.30 - 16.30
på Voss Jordbruksskule

Har du tankar om t.d. vidareforedling av råvarer frå eigen gard, starta opp med anna råvareproduksjon, sal eller liknande %96 då kan informasjonsmøtet på Voss Jordbruksskule vera neste steg for deg/dykk.

Velkomsthelsing v/ varaordførar Kjellaug Brekkhus, Voss Kommune
Marknadsmogelegheiter for småskala matprodusentar v/ Matattache Gunnar Nagell Dahl, FMLA
Frå ide til bedrift v/ Nøring ANS

12.45 Lunsj
Struktur og mogelegheiter innanfor daglegvarekjedene, v/ Jarl Berentsen, Marknadssjef i Drageset-kjeda
Distribusjon og logistikk av småskala mat v/ Ossie Nordgreen, dagleg leiar i Troye Agenturer

Kaffipause
Kva hjelp kan FMLA/Innovasjon Noreg/ Hordaland Fylkeskommune yta til finansiering, rådgjeving og nettverksbygging, rådgjevar Ole Andreas Smette, Innovasjon Noreg
Etablering av eiga verksemd og kommunal rettleiingsteneste på Voss, v/ Anbjørg Nornes, Voss kommune
Mobile slakterier - hjelp til bonden i utvikling av eiga verksemd, v/ dagleg leiar Torill Malmstrøm, Mobilslakt AS
Auka lokal etterspurnad på lokale matvarer, kva skjer med produksjonen på Voss? Dagleg leiar Torunn Løne Vinje, Vossameny BA
Individuelle samtalar og spørsmål med føredragshaldarar og personar frå støtteapparatet

Påmelding:
Med omsyn til matservering er påmelding seinast måndag 12.februar til Vossameny BA, e-post: post@vossameny.no el tlf 91 15 23 32

Tilskiparar:
Fylkesmannen i Hordaland %96 Landbruksavdelinga %96 Innovajson Noreg %96 Hordaland fylkeskommune %96 i samarbeid med Vossameny BA

Hausttorg på Smalahovesleppet 2006
Vossameny skipar også i år til stort hausttorg under Smalahovesleppet. Over 20 torghandlarar med fleirtal av småskala matprodusentar i tillegg til handverkarar, blomeseljarar og sviing av smalahove skal lokka vossingar og tilreisande til Torget denne dagen. Torget er ope frå kl 10.00 - kl 16.00

Vossamany BA - lansering
Torsdag 22.juni vert den offisielle markeringa av at Vossameny BA no er etablert som eige verksemd. I samarbeid med Fleischer´s Hotell har me invitert finansieringspartar, samarbeidspartar m.fl. til ein Vossameny-bufe, der prodsentane stiller med produkt. Det har vore eit nært samarbeid mellom kokkane Vossameny BA i planlegginga av bufeen.

Ekstremsportveko 2006
Godt samarbeid med Ekstremsportveko i fjor har gjeve resultat at Brandseth Fjellstove og Dagestadmuseet i år har ansvar for all servering i teltet på Prestegardslandet. Mykje godt av Vossameny vert å få kjøpt.I tillegg skal Brandseth Fjellstove servera frukost på Lønahorgi og lunsj under Brandseth utfor torsdag 29.juni. Smalahovemiddag vert det for deltakarane og andre interessert i teltet onsdag kveld.

Verdsarvopning og Vossameny
Vossameny var på plass med eit solid opplegg under Verdsarvopninga på Bakka laurdag 10.juni. Grundig førearbeid frå dei femverksemdene; Brandseth Fjellstove, Dagestadmuseet, Avhaldskafeen, Tveite Gardsbakeri og Bergsdalstunet gjorde at vossingane her presenterte seg ved det beste. Stor suksess gjorde både freste grønsaker i pitabrød, hakkasteik og vossapota og lappar med kaffi kokt over bål.

Ny butikk: EVANGER SPEKEMAT
Evanger Spekemat har opna dørene i Vangsgata 14. Endeleg er det igjen ein spesialbutikk på Vangen med kjøttvarer og mykje anna godt tilhøyr - til og med ein eigen VOSSAMENY-reol. I butikken har dei lagt vekt på å få inn varer frå småskala matprodusentar både frå Voss, Sogn og Fjordane og elles i Hordaland.
Vossameny leverandørar er:

Påskemat i Myrkdalen
Avhaldskafeen stiller med eigen suppestasjon og hedlesteikt mat i heisområdet i Voss Fjellandsby - Myrkdalen i påsken. Frå onsdag t.o.m. sundag kan svoltne påsketuristar får kjøpt rykande varm suppe eller hedlesteikt mat i pitabrød.

VossaJazz og Vossameny
Vossameny utvida i år samarbeidet sitt med VossaJazz - dette vart ein stor suksess. JazzTorg på laurdagen i samarbeid med Bondens Marked frå Bergen hadde sært godt besøk. Likeeins Nattopen suppekafe på Avhaldskafeen som heldt ope til tidleg sundag morgon. Nykomaren i år var Nattmat i Rokneparken med hedlesteikt mat i pitabrød.

Vossameny i nytt kontor
Vossameny har no teke steget ut av dei kommunale kontora i Tinghuset. Val av nytt kontor fall på VIAN-bygget på Tvildemoen (tidlegare NST-bygget). Her sit også andre samarbeidspartar som t.d. Mattilsynet og Ekstremsportveko.

VOSSAMENY BA er skipa
Vossameny BA vart skipa torsdag 26. januar under eit medlemsmøte på Voss Jordbruksskule. Vosssameny vart starta som prosjekt i januar 20003. I denne tida har det kome med 30 deltakarar. I alt 24 verksemder var representert på møtet og vedtaket om skiping av eit BA var samrøystes.

Vossameny i butikk
Fire daglegvarebutikkar på Voss og ein i Eksingedalen kan no tilby Vossameny i butikk.

  • Drageset Spar
  • Olav Rio Jr, Bordalen
  • Evanger Nærbutikk
  • Eksingedalen Nærbutikk
  • Mjølfjell Servicesenter AS

    Her finn de no varer frå produsentar som er med i Vossameny.
    Litt av vareutvalet de kan finna i butikkane er:

    Frå Voss:
  • Smør og rymme, Tyssen gard
  • Flatbrød, krotakaker og potekaker, Dagestadmuseet
  • Vossapoto, Auro gard
  • Blåpota, Berge gard
  • Nepa frå Voss (kålrot), Dugstad gard
  • Smalahove, Smalahovetunet
  • Spekemat, Evanger Pølsefabrikk og Voss Kjøttindustri
  • Vossadravle, TINE Vest på Voss

    Produsentar frå andre kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane
  • Turka urter og urtesalt, Høgt og Vilt, urter frå Devik, Gloppen
  • Bringebærsaft og eplemost, Ornes gard, Luster
  • Honning, Sognebia - Lærdal
  • Sylteflesk, lammerull, Haugen Gardsmat - Aurland
  • Ost, Myrdal gard - Tysnes
  • Eplemost, Balholm Mosteri - Balestrand
  • Hjortevilt, Skogheim Kystvilt - Fjaler
  • Hermetisk frukt, Helga Opedal - Ullensvang
  • Hardangerchutney, Hege Lutro - Ullensvang