Voss er kjend for sine mattradisjonar. Vossameny har som visjon at Voss skal utmerka seg som matkulturbygd.
 
Nytten av eit medlemskap i Vossameny BA:
     
Generelt:
  • Vera ein utviklingsaktør som legg til rette for auka salsaktivitet hjå medlemene
  • Opplæring, rettleiing
  • Marknadsføring, brosjyre, mediaomtale, heimeside
  • Tilgang til logo og bruk av Vossameny AS sitt varemerke

 For småskala matprodusentar/bønder

  • hjelp/rettleiing til å utvikla småskala matproduksjon
  • hjelp til å etablera sal av småskalaprodukt under Vossamenyprofil i serveringsverksemder og daglegvarebutikkar
  • Utvikla nye produkt tilpassa dei ulike kundesegmenta

 Næringsmiddelverksemd

  • Auka bruk av dykkar produkt under Vossamenyprofil i serveringsverksemder og daglegvarebutikkar
  • Utvikla nye produkt tilpassa dei ulike kundesegmenta

 Serveringsverksemd

  • Tilgang til eit unikt varespekter frå småskala matprodusentar i regionen
  • Formulering av oppdrag til verksemder som vil servera Vossameny til sine kundar (t.d. festivalar, idrettstilskipingar etc)
  • Menyutvikling - nye rettar med lokale produkt

 Matvarebutikk

  • Tilgang til eit unikt varespekter frå småskala matprodusentar i regionen
  • Felles profilering ved "torg-i-butikk" og /eller i diskar/reolar

  Aktivitetar

  • Vossameny arrangerer torgdag på under Smalahoveslepet og under ulike festivalar
  • Me deltek på Bønder i Byd´n i Bergen kvar haust
  • Me utviklar mattilbod for Festival Voss
  • Me er ein utviklingsaktør innanfor reisemål Voss
 
Hjå oss kan du som medlem få leige:
(til torg og andre tilskipingar. Leigetakar er sjølv ansvarleg for henting/bringing og rigging av utstyr)
  • Party-telt med Vossameny-profil
  • Stor steikehelle m/gass/ved + stativ til kaffikjele etc.
  • Mobilt grindbygg - 3*9 meter (kan delast i seksjonar)
  • Vossameny-kokkekle
  • Anna Profileringsmateriale
 Kva må de sjølve gjera:
  • Fylgja retningslinjene for deltaking i Vossameny
  • Aktivt nytta tilboda som vert gjeve frå Vossameny BA
  • Aktiv profilering av Vossameny i eiga verksemd (heimeside, brosjyremateriell etc)
  • Vera aktive ovanfor leiinga/styret for å påverka utviklinga av Vossameny BA
 Framover skal Vossameny arbeida for:
  • Å synleggjera merkevara Vossameny
  • Maksimera sal av Vossameny-produkt
  • Søka samarbeid med viklige aktørar lokalt  innan reiseliv, jordbruk og kompetanseheving
  • Å sikra leveranse frå produsent til tilbydar
  • vera ein kvalitetsikrar for medlemene
 
Medlemsskap i Vossameny
Vossameny er fram til sumaren 2007 hovudsakleg finansiert med midlar frå innovasjon Noreg, Hordaland Fylkeskommune, Fylkesmannen - Landbruksavdelinga, Voss Kommune. For å få ut disse midlane må verksemdene bidra med sin del gjennom medelmspengar og eingeninnsats.
 
Vilkår for medlemskap
  1. Alle produsentar skal ha godkjend produksjon og/eller sal, og driva i samsvar med gjeldende lover og forskrifterfor sitt verksemdområde
  2. Alle verksemder skal framstå med truverd og god kvalitet i alle ledd
  3. Alle verksemder skal ha IK-mat
  4. Gardsbruk skal ha KSL og miljøplan
Medlemspeng
Styret har fastsett denne medlemsavgifta:

 

 

Lut

Innmeldingsavgift

Årlege avgifter

Lokale verksemder - luteigarar

500,-

1500,- (rett til bruk av logo)

Små verksemder                 3000,-

Mellomstore verksemder    6000,-

Store verksemder             10000,-

 

Regionale medlemer

 

1500,- (rett til bruk av logo)

Små verksemder                 3000,-

Mellomstore verksemder    6000,-

Store verksemder             10000,-

 

Støttemedlem

-

-

1000,-

 Årsmøtet kan justera medlemsavgifta. Styret vil kunna gjera vurdering av kva gruppering verksemdene tilhøyrer i samråd med den einskilde verksemd.

 
Eigeninnsats:
  1. Timesats for arbeid i felles tilskipingar, kurs, møte o.l. er lik for alle og vert sett til kr 300,- pr time. Levering av varer skal førast på ordinær måte.
  2. Eigeninnsats skal vera på minst kr 2500,- per år
  3. Kompensering for manglande eigeninnsats, inntil kr 2500,-
Fritak/redusert avgift:
For medlemer med relativt låg omsetning kan styret gje redusert avgift/fritak etter søknad.
 
Støttemedlem:
Dette er verksemder under utvikling. Td. bønder som planlegg å gå i gang med vidareforedling. Årleg avgift gjeld fram til dei kjem i gang med salsproduksjon.
 
Regionale produsentar
Småskalaprodusentar frå Hordaland og Sogn og Fjordane kan selja sine varer under Vossameny-profilen på Voss som assosiert medlem i Vossameny BA. Styret fastset nærare retningslinjer for kva verksemder som kan vera med.
 
Alle avgifter er eks mva